25.2.12

lyse dagar

Konsert med galne amerikanarar ein fredagskveld. Fnising med kjekke høyrande terapeutar og lærarar ein laurdagskveld. Snart togtur med retting av elevtekster. Snart Oslo med kjekke folk så togtur med bok, radio og musikk. Snart Bergen med besøk av ein ninja.

 Bli lærar, ha vinterferie!

19.1.12

Piano. Alt var mykje betre før.

Pling plong seier pianoet. Eg er aleine heime, og dei få songane eg kan heilt utan å sjå på ark eller i bok er fort gjennomspelte. Så søker eg. Joni Mitchell chords. Nina Simone chords. Nick Drake Chords. Var alt mykje betre før? Høyrtes akkordane feitare ut? Var stemmene varmare og tekstane djupare? Hadde alle finare skor og åt betre mat? Låg håret akkurat sånn som det skulle uansett kor mykje det regna? Var dei fleste lukkelege med det dei hadde? Blei folk forelska i dei rette folka og heldt saman lenge lenge? Lo dei meir? Hadde dei kvitare tenner?

15.1.12

vekedagar

Ikkje alle veker følgjer den naturlege vekedagprogresjonen. Eg har enno ikkje hatt ei standardveke.

Veke 1: sundag, måndag, måndag, torsdag, laurdag, laurdag, sundag
Veke 2: måndag, måndag, onsdag, torsdag, laurdag, sundag, sundag

Visjon for veke 3: fredag, fredag, måndag, tysdag, fredag, laurdag, sundag













12.1.12

sko/suppe

 Du kan seie mykje om sko, og skorne dine seier mykje om deg. Eit tøft val.
Høge eller låge, raude eller svarte? Borrelås eller knyting, runde eller spisse? 
 
Men kva med val av suppe? Kvifor må det vere så himla vanskeleg?
Spinat eller pastinakk, krema eller klår? Glatt eller klumpete,tjukk eller tynn?

25.9.11

Haust på loftet


+ kakao, hundre nye bøker på bokelskere.no, lukta av nyvaska klede, lyden av regn, varme frå nystrikka panneband

- rettebunke, ni kollegaer innlogga på itslearning.no på ein sundag, tregt internett, tomt kjøleskap, knirkande golv

Det er uavgjort. Eg lener meg mot plussida og kjenner litt ekstra etter. Legg til Nina Simone og vips, dagen blei ein plussdag. Hurra.

22.9.11

Tips og triks 1

Eg har ikkje tatt bilete på fleire veker. Eg la lista for høgt i sommar, var alt for flink og hadde det litt for fint. Kva har eg å stilla opp med no? Bleik hud, posete auge og gråver? Eg kan komma med tips som kan gjera kjappe middagar, tidlege kveldar og alt alt alt for plutselege morgonar litt kjekkare og litt lettare.

morgon:
- fyll inn ein suduko - om tala stemmer er det ein kjempebonus
- bestem deg for ein vits du må fortelja før dagen er over

ettermiddag:
- lag middag der du brukar saks i staden for kniv - alt kan klippast
- leit etter ting du ikkje treng på etsy.com t.d. revejakke og luftballong

Kveld:
- finn fram dei nyaste låtane som ligg på Spotify - aiaiai så mykje felt og fint
- les ei lita novelle før du legg deg, og tenk hardt på kva du vil drøyme om


4.9.11

Berre føter, tørka kantarellar

 I dag har eg på meg raggsokkar og ullgenser, eg hostar og har ondt i øyra
Soppen eg et har eg ikkje plukka og tørka sjølv, og eg er langt frå gras
Men eg har det greit altså. Det er berre hausten som kjem snikande